Velkomen til øyane i Giske Kommune
Eit unikt kystmiljø møter deg med storslått natur, idylliske fiskevær, gode fiskeplassar og kvite sandstrender. Historiske bygningar, gravfunn og fornminne fortel om busetnad på øyane i over 8000 år.
Fiske og jordbruk har skapt grunnlag for utvikling og vekst heilt fram til i dag.
Mektige høvdingætter og adelsfamiliar har hatt sete på Giske.
Skipsleia langs kysten gjorde Valderøya til ein viktig handelsstad frå 1600 åra.
I dag er det bruer og undersjøiske tunnelar som knyter øyane Godøya, Giske, Valderøya og Vigra saman. 6600 øybuarar har ferjefritt samband til Ålesund og fastlandet, og på Vigra ligg flyplassen som knyter Sunnmøre saman med resten av landet.
www.visitgiske.no
Her kan du sjå video film fra Giske kommune
Turistbrosjyre